Lansering av oppdatert versjon av Telefonråd
Beslutningsstøtteverktøyet Telefonråd er utvikla spesielt for vurdering og handtering av pasienthenvendelser til legevakt og allmennlegekontor. Lanseringsdato for ny versjon er 1. september.
BERGEN / Av: Alvilde Gether
Ny og totaltrenovert versjon
Beslutningsstøtteverktøyet Telefonråd er utvikla spesielt for vurdering og handtering av pasienthenvendelser til legevakt og allmennlegekontor. Verktøyet har no blitt totalrevidert, og lanseringsdatoen for den nye versjonen er 1. september. Dagens versjon av Telefonråd ligg på telefonråd.no.
Bli med på webinar 1. september
I forbindelse med lanseringen arrangerer Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin eit webinar (eit online seminar der ein kan delta ved å logge seg på via PC) der vi vil vise den nye versjonen, fortelje litt om kva som er nytt og korleis ein skal bruke det.
Webinaret vil bli helde 1. september frå kl. 10.00- 11.00. Vi håpar at så mange som mogeleg av dykk som brukar Telefonråd, har tenkt å ta det i bruk eller som ynskjer informasjon, har mulighet til å melde dykk på og bli med oss denne timen.
Du kan delta fysisk i Bergen hvis du ønsker
Dersom nokon av dykk bur i bergensområdet, eller tilfeldigvis skulle befinne dykk her denne dagen, vil de og ha muligheit til å vere fysisk tilstades under presentasjonen dersom de har lyst. Isåfall kan de hake av for at de ynskjer å vere tilstades i Alrek helseklynge, Bergen, i påmeldingsskjemaet.
Alle som melder seg på i lenka under vil få tilsendt lenke for pålogging i forkant av webinaret.